søndag 14. november 2010

Wiki

Eg brukar wikipedia ganske mykje til oppslag. Sjølv om ein må vere litt kritisk og gjerne sjekke opplysningane føler eg meg relativt trygg på at det eg finn der er ok. Anbefaler det gjerne til skuleelevar, faktisk meir enn det å bruke leksikon m.m. Kanskje fordi det er så "levande" og i utvikling heile tida... ?
Også litt løje at ein kan legge ut så spesielle artiklar, trur ikkje ein finn forklaring på kvifor det heiter "Sjedu" heime i Gloppen andre stadar enn på Wikipedia... :)
Har vore innom og kikka litt på dei enkelte oppgåven, men veit ikkje heilt korleis biblioteket kan nytte seg meir av det enn vi gjer pr. i dag... På PbWiki la eg ut ein artikkel med ei bokmelding. Det virka ganske så enkelt og greit.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar