søndag 14. november 2010

Podcast

Slett ikkje noko dumt tilbod! Hadde vore veldig flott å kunne tilby både bokomtalar og opplesing frå bøker vi ynskjer å anbefale våre brukarar. Trur dette vil bli eit spørsmål om ressursar. Ikkje særleg sannynleg at vi vil greie det sjølve, men kanskje i samarbeid med andre, og ved å linke til større bibliotek. Likte godt både Stavanger, Oppland og Toten sine løysingar.

Har tidlegare vore innom nrk og sett nokre tv-program som eg hadde gått glipp av. Veldig greit. Har ikkje abonnert på faste program enno. Det kan nok bli aktuelt. Dessutan har eg lasta ned Spotify Open, men har nesten ikkje brukt det enno... Fekk no testa den litt på eit festeleg lag i går :) mange DJ-ar i sving, men veldig greit å sleppe å ta med cd-plater, som har lett for å forsvinne!

http://podkast.nrk.no/program/filmpolitiet.rss

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar