mandag 1. november 2010

Origo

Tru det eller ei... eg er faktisk vert på ei origo-sone kalla Sjedu! Eg må ile til å fortelje at eg trass i dette ikkje har noko særleg peiling på origo. (Han som oppretta sona tykte det var kjekt om vi var fleire om jobben... ha-ha.) Det er ei sone for bygda heime i Gløppen og den er knytta opp mot facebook-sida vår og ei heimeside. Eg har lagt ut ein del bilete på sida, men elles ikkje skrive så mykje. Må innrømme at eg tykkjer den er litt vanskeleg å orienter seg rundt omkring i... eg har sikkert vore alt for ukonsentrert dei gongane eg har vore innom.

I forhold til oppgåva har eg meldt meg inn i Fjordaglimt. Har tidlegare også vore innom av og til for å sjå etter arrangement, og på biblioteket har Marie og muligens fleire av oss brukt Fjordaglimt for å annonsere for ulike arrangement. Fann sjølvsagt bokbåten på turnè og eit småbarnstreff på biblioteket på Skei :) Trur det vert på den måten vi kan nytte oss av origo. Debattinnlegg og andre ytringar trur eg vi må vere litt forsiktige med her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar