mandag 8. november 2010

Flickr...

Det va no utruleg kor møleg detta skulle vere då... Har leita på ulike tema og funne masse flotte bilete. Også funne kjentfolk frå Gloppen som har lagt ut bilete. Var innom og fann bilete frå fylkesarkivet på "The Commons". Så var det å finne nokre som kunne lastast opp i denne bloggen....  Har sikkert ikkje fått med meg alt av info, men har ikkje lukkast til no... Alle 40! bileta eg har vore innom på eit vanleg søk har status "all rights reserved", og då kunne vi ikkje legge dei ut??? Bileta frå fylkesarkivet hadde status "No known copyright restrictions " men ikkje pokk... om eg fekk lagt til noko nettadresse. Fekk berre feilmeldingar, Nettadressen du har angitt for bildet, er ikke riktig eller kan ikke lastes. Angi riktig nettadresse for bildet. Har lagt til linken, men det var no biletet eg ville hatt op her då....  No er eg lei, får ta att detta ein annan kveld!

http://www.flickr.com/photos/fylkesarkiv/3612848375/in/photostream/

No ser det ut som eg fekk lagt til eit bilete, men gudane vete korleis eg greidde det... :)  
photo
Monolitic blue.  Fotograf Pulpolux


3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Hei! Eg har testa med dette biletet og har ingen problem med å leggje inn biletet direkte i eit blogginnlegg, så eg skjønar ikkje heilt kva for problem du støter på.. Men, du kan jo også plukke med deg HTML-koden og lime det inn i eit blogginnlegg. Du vel "Share this", og "Grab the HTML/BBCode", så kjem koden opp som du skal lime inn i HTML-delen i blogginnlegget ditt.

    SvarSlett
  3. Fekk som sagt lagt inn eit bilete, men eg trykte so masse i veg at eg ikkje hugsar heilt korleis eg fekk det fram... når eg trykker på Grab the HTML/BBCode - så skjer det absolutt ingenting... Du får ta ei runde på siste kursdagen:)

    SvarSlett