tirsdag 16. november 2010

Oppsummering

Dette har absolutt vore eit nyttig kurs! Veldig bra å gå systematisk gjennom så mange emne og tilbod for å få oversikt. Sjølv om ein ikkje kjem til å nytte seg av alle, er det viktig å vite om dei. Supert at vi har vore så mange frå vårt bibliotek. På den måten har vi eit godt utgangspunkt for å betre tilbodet for brukarane våre, og samtidig sjå om det er arbeidsmåtar som kan lette arbeidet internt. Så må vi ta ei vurdering av kva som er nyttigt for oss, kva vi har ressursar til m.m. Vi har fått eigne facebooksider, som er ein kjempegod start!
Det er ikkje til å legge skjul på at det også har vore frustrerande kveldar der auga har gått i kryss, og eg skjøna lite eller ingenting....Blir fint å få ein siste gjennomgong på Skei, og så er det godt at kurset no snart er over. Helledussen, det e snart jul!!!! Godt jobba på fylkesbiblioteket!


Frå ei juleutstilling nokre år tilbake, ei påminning om at eg må trå til ganske so kjapt... :)


Å arbeide i nettskya

So var det innspurten!
Eg tykte google docs var litt spennande. Ser for meg at vi kunne ha nytta dette til planlegging og tankeutveksling på biblioteket. Ser at det må litt prøving og feiling til før eg får dette (også) inn i fingrane, men absolutt eit godt verktøy. Men korleis får ein eigentleg lagra endringar..... ?? Fann aldri noko lagreknapp, men ser at det visst vert lagra likevel. Fekk t.o.m. endra på teksten til andre "delarar" :)

Anar ikkje kvifor eg har fått med rullefelt i boksen min...

søndag 14. november 2010

Wiki

Eg brukar wikipedia ganske mykje til oppslag. Sjølv om ein må vere litt kritisk og gjerne sjekke opplysningane føler eg meg relativt trygg på at det eg finn der er ok. Anbefaler det gjerne til skuleelevar, faktisk meir enn det å bruke leksikon m.m. Kanskje fordi det er så "levande" og i utvikling heile tida... ?
Også litt løje at ein kan legge ut så spesielle artiklar, trur ikkje ein finn forklaring på kvifor det heiter "Sjedu" heime i Gloppen andre stadar enn på Wikipedia... :)
Har vore innom og kikka litt på dei enkelte oppgåven, men veit ikkje heilt korleis biblioteket kan nytte seg meir av det enn vi gjer pr. i dag... På PbWiki la eg ut ein artikkel med ei bokmelding. Det virka ganske så enkelt og greit.

Podcast

Slett ikkje noko dumt tilbod! Hadde vore veldig flott å kunne tilby både bokomtalar og opplesing frå bøker vi ynskjer å anbefale våre brukarar. Trur dette vil bli eit spørsmål om ressursar. Ikkje særleg sannynleg at vi vil greie det sjølve, men kanskje i samarbeid med andre, og ved å linke til større bibliotek. Likte godt både Stavanger, Oppland og Toten sine løysingar.

Har tidlegare vore innom nrk og sett nokre tv-program som eg hadde gått glipp av. Veldig greit. Har ikkje abonnert på faste program enno. Det kan nok bli aktuelt. Dessutan har eg lasta ned Spotify Open, men har nesten ikkje brukt det enno... Fekk no testa den litt på eit festeleg lag i går :) mange DJ-ar i sving, men veldig greit å sleppe å ta med cd-plater, som har lett for å forsvinne!

http://podkast.nrk.no/program/filmpolitiet.rss

onsdag 10. november 2010

YouTube

Etter mykje styr med flikringa.... er YouTube eit fint avbrekk. Har vore innom av og til for å sjå musikkvideoar o.l. Trur det kunne vore interessant for bilblioteket. Linke til div. interessant. Men hadde vore skikkeleg tøft å redigere ein eigen video for Førde bibliotek. Det må bli neste års målsetjing. Eigen skrytevideo!!!

Ikkje akkurat so veeeeeldig jobbrelatert,men... i desse fårikål/sauehaudtider (he-he) kom eg på ein av mine favorittar, Sauen Shaun.... Kos dokke!!

mandag 8. november 2010

Flickr...

Det va no utruleg kor møleg detta skulle vere då... Har leita på ulike tema og funne masse flotte bilete. Også funne kjentfolk frå Gloppen som har lagt ut bilete. Var innom og fann bilete frå fylkesarkivet på "The Commons". Så var det å finne nokre som kunne lastast opp i denne bloggen....  Har sikkert ikkje fått med meg alt av info, men har ikkje lukkast til no... Alle 40! bileta eg har vore innom på eit vanleg søk har status "all rights reserved", og då kunne vi ikkje legge dei ut??? Bileta frå fylkesarkivet hadde status "No known copyright restrictions " men ikkje pokk... om eg fekk lagt til noko nettadresse. Fekk berre feilmeldingar, Nettadressen du har angitt for bildet, er ikke riktig eller kan ikke lastes. Angi riktig nettadresse for bildet. Har lagt til linken, men det var no biletet eg ville hatt op her då....  No er eg lei, får ta att detta ein annan kveld!

http://www.flickr.com/photos/fylkesarkiv/3612848375/in/photostream/

No ser det ut som eg fekk lagt til eit bilete, men gudane vete korleis eg greidde det... :)  
photo
Monolitic blue.  Fotograf Pulpolux


mandag 1. november 2010

Kvitre, kvitre....

Jau, twitter er sikkert både lett å bli hekta på og ein fin måte å følgje kjende personar eller eit fagfelt du er interessert i. Overraskande (el. kanskje ikkje...?) kor mange politikarar og parti som tvitrar - og Krompen og frue!! Det var eindel fine verktøy ein kunne bruke for å forenkle meldingane og utnytte den vesle plassen som er til rådighet (140).  Fyb si tvitring var no veldig bra. Ser at det kan vere nyttig å legge ut kjappe meldingar om kva som skjer på biblioteket og ikkje minst få spørsmål el. kommentarar tilbake! "Aldri, sei aldri..." men har ikkje oppretta eigen konto, det får eventuelt skje ved eit seinare høve.

Origo

Tru det eller ei... eg er faktisk vert på ei origo-sone kalla Sjedu! Eg må ile til å fortelje at eg trass i dette ikkje har noko særleg peiling på origo. (Han som oppretta sona tykte det var kjekt om vi var fleire om jobben... ha-ha.) Det er ei sone for bygda heime i Gløppen og den er knytta opp mot facebook-sida vår og ei heimeside. Eg har lagt ut ein del bilete på sida, men elles ikkje skrive så mykje. Må innrømme at eg tykkjer den er litt vanskeleg å orienter seg rundt omkring i... eg har sikkert vore alt for ukonsentrert dei gongane eg har vore innom.

I forhold til oppgåva har eg meldt meg inn i Fjordaglimt. Har tidlegare også vore innom av og til for å sjå etter arrangement, og på biblioteket har Marie og muligens fleire av oss brukt Fjordaglimt for å annonsere for ulike arrangement. Fann sjølvsagt bokbåten på turnè og eit småbarnstreff på biblioteket på Skei :) Trur det vert på den måten vi kan nytte oss av origo. Debattinnlegg og andre ytringar trur eg vi må vere litt forsiktige med her.