Har vore innom bokelskere og delicious... ser at begge deler absolutt kan vere nyttige.
Bokelskere: Veldig interessant og skjønar at andre vert veldig entusiastiske. Ein god måte å dele informasjon og halde seg oppdatert. Fann ut at det ikkje går å søke etter bøker i basen vår, men dette trur eg Reidun har meldt inn! :) Eg er alt for sløv når det gjeld å halde meg oppdatert på nye bøker og diskusjonar i tida, så eg BURDE skjerpe meg, men veeeeeldig usikker på om det vert noko av... dessverre! Delicious o.l.: veldig nyttig. Eg skiftar pc kvar einaste dag på jobb, (loggar meg på 6-7 ulike pr. veke) så eg hadde hatt nytte av dette. Blir alltid irritert når favorittlista mi stadig manglar sider eg burde huska. Skal kome tilbake til dette ved eit seinare høve... no må eg berre kome gjennom kurset først :)
Joda, det går an å søke etter bøker i bibliotekbasen. I alle fall fann eg bøker :) Men basen heiter "Biblioteka i indre Sunnfjord" og ikkje "Førde bibliotek".
SvarSlett