tirsdag 19. oktober 2010

Nettsamfunn

Eg er eigentleg ein "fersking" når det gjeld nettsamfunn. Har vore på facebook knapt eit år og er berre såvidt innom Origo. Årsaka til dette er blant anna, som artiklane stillte spørsmål ved, kva vil eg at andre skal vite om meg og mitt liv. Kan ein vere personleg utan å vere privat? Det vart eit "ørlite"krav om at "du må no kome deg på facebook" - og eg gjekk nølande inn i denne merkelege verda :) Det var kjekkare enn eg hadde venta, og med god hjelp fekk eg begrensa ganske mykje av profilen min. Det er nok eit problem for mange. Det er alt for mykje som ligg fritt ute og det er alt for mange som er for private. Ein blir nesten flau på deira vegne... og tenkjer at "dette ville eg ikkje vite!" Samtidig vil ein ikkje vere ein "kikkar" som berre ser på kva andre deler og ikkje gje noko av seg sjølv. Konklusjon... til tider svært interessant, men ikkje akkurat livsnødvendig?! For biblioteket sin del trur eg det vil vere ein fordel, både for marknadsføring og meir kontakt med brukarane våre!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar