Såg Filmbonanza på nrk 2 i går kveld. Ny film om grunnlegaren av facebook. Må no vere høgaktuell for alle oss på kurset. Inn som del av pensumet :) Vi må i alle fall få den med oss!
"David Fincher har gjort noe jeg ikke trodde var mulig: å lage en medrivende film om Facebook-gründer Mark Zuckerberg og fremveksten av det globale sosiale nettverket." sjå meir på blant anna: http://oslopuls.aftenposten.no/film/article449895.ece
Elles sa eg vel ein heil del om facebook på forrige innlegg....
torsdag 21. oktober 2010
tirsdag 19. oktober 2010
Nettsamfunn
Eg er eigentleg ein "fersking" når det gjeld nettsamfunn. Har vore på facebook knapt eit år og er berre såvidt innom Origo. Årsaka til dette er blant anna, som artiklane stillte spørsmål ved, kva vil eg at andre skal vite om meg og mitt liv. Kan ein vere personleg utan å vere privat? Det vart eit "ørlite"krav om at "du må no kome deg på facebook" - og eg gjekk nølande inn i denne merkelege verda :) Det var kjekkare enn eg hadde venta, og med god hjelp fekk eg begrensa ganske mykje av profilen min. Det er nok eit problem for mange. Det er alt for mykje som ligg fritt ute og det er alt for mange som er for private. Ein blir nesten flau på deira vegne... og tenkjer at "dette ville eg ikkje vite!" Samtidig vil ein ikkje vere ein "kikkar" som berre ser på kva andre deler og ikkje gje noko av seg sjølv. Konklusjon... til tider svært interessant, men ikkje akkurat livsnødvendig?! For biblioteket sin del trur eg det vil vere ein fordel, både for marknadsføring og meir kontakt med brukarane våre!
mandag 18. oktober 2010
Sosiale bokmerker
Har vore innom bokelskere og delicious... ser at begge deler absolutt kan vere nyttige.
Bokelskere: Veldig interessant og skjønar at andre vert veldig entusiastiske. Ein god måte å dele informasjon og halde seg oppdatert. Fann ut at det ikkje går å søke etter bøker i basen vår, men dette trur eg Reidun har meldt inn! :) Eg er alt for sløv når det gjeld å halde meg oppdatert på nye bøker og diskusjonar i tida, så eg BURDE skjerpe meg, men veeeeeldig usikker på om det vert noko av... dessverre! Delicious o.l.: veldig nyttig. Eg skiftar pc kvar einaste dag på jobb, (loggar meg på 6-7 ulike pr. veke) så eg hadde hatt nytte av dette. Blir alltid irritert når favorittlista mi stadig manglar sider eg burde huska. Skal kome tilbake til dette ved eit seinare høve... no må eg berre kome gjennom kurset først :)

fredag 15. oktober 2010
Nyheitsstraumar og iGoogle
Då har eg lagt til iGoogle som mi startside og jobba med å legge til og fjerne modular, skifta tema, henta inn RSS og styra på.... :) Er jo vant til favorittar og huskar generelt mange sider eg har vore innom, men trur kanskje iGoogle kan bli brukt i tida framover. Fint å samle masse forskjellig på same sida. Både kart, e-post, nyheiter - og alt som måtte vere av interesse.
torsdag 7. oktober 2010
Direkte kommunikasjon
Etter ei lang veke utan nett i heimen, var det endeleg på tide med litt jobbing igjen...
Prøvde ut chatfunksjonen og det funka veldig bra! Servicetorget tilbyr vi publikum chat også, så heilt nytt var det ikkje. Dessutan er det jo chat på facebook, men den vert heller sjeldan brukt... kanskje det tek seg opp no :)

Abonner på:
Kommentarer (Atom)